Norsk nynorsk (Norway)English (United Kingdom)Deutsch (DE-CH-AT)

Velkommen inn på tunet til oss

Velkommen inn på tunet til oss på Nesøyane Gjestegard.

FarmHer bur Jens, Marit og Knut Fredrik Nes.

Garden vår har gått frå far til son i fleire generasjonar. Den er ikkje stor -  i målestokk no for tida, men me kan leva av å produsera kvalitetsmjølk frå 14 mjølkekyr i ein tilårskommen men triveleg fjøs med eit godt og trygt miljø både for dyr og menneske.

Om sommaren er fjøsen på garden tom. Kyrne beiter og vert mjølka i Villøyane – det er sommarstølen vår – ca 1,5 km frå gardstunet. Der er feriegjestene våre velkomne til å sjå og ”smaka”. Resten av buskapen, ungdyr og kalvar, er på fjellbeite i Eldedalen.

Me har, som ein del andre bønder, satsa på sommarmjølk-produksjon, derfor mjølkar me to gonger for dagen heile sommaren. Kvar 3. dag kjem mjølkebilen og hentar mjølka til meieriet. Den første du møter i tunet, er Leo, gardshunden vår, ein svart og kvit Border Collie. Han kan vera ein litt ivrig ”vakthund”, men er ikkje farleg. Som regel dukkar nokon opp raskt, når Leo varslar at her kjem det folk til gards!

”Gamlefjøsen” er den gamle driftsbygningen på garden - frå 1935. Den er ominnreidd til gardsmuseum og vaffel-kafè.  Her finn du også Marit`s butikk og brukthandel – med elegante utstillingar  av nytt og gammalt i møblar og anna husgeråd, velluktande såper, muggar, bollar, vasar og fat i porselen, keramikk og glas, og ellers alt av ”pø” du kan tenkja deg. Det meste er til salgs!

I Gamlefjøsen står tida stille. Du vil få ei god oppleving i ein spesiell atmosfære – medan du nyt Marit sine ferske vafler med rømme og syltetøy - eller med smør og sukker, saman med kaffi eller te – og praten går - - - - -.

CowsLeo_2

 
Kontaktinformasjon
Nesøyane Gjestegard
Marit og Jens Nes
N-6878 Veitastrond
NORWAY
Tel:57687819
Mob: 91193157, 97588502
Denne e-postadressa er verna mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne sjå adressa